Breaking In – kortlevd pauseunderholdning

Breaking In er meir eit avbrekk frå andre seriar enn ein fullkomen serie i seg sjølv. Sju episodar betyr ikkje at det er ein miniserie, men at denne midseason-komedien fekk for dårlege sjåartal til å halde fram.

Christian Slater (Heathers) spelar sjefen i eit selskap som spesialiserer seg i ulike sikkerheitsoppdrag. Eit mannskap på fire, etter kvart fem når Michael Rosenbaum (Smallville) blir med, tek små oppdrag som dreiar seg om utprøving av sikkerheit og liknande.

Med unnatak av dei to som er nemnt over og Megan Fox-klona Odette Annable (October Road.) er det ein anonym gjeng som er med. Episodane er småartige, men i det lange løp kunne det blitt ein tung serie. Breaking In går allereie til det ekstreme frå første minutt, og kjem ut av det som ein serie som prøver for hardt. I sju episodar går det greitt, kanskje ein lang sesong kunne ha fungert, men det var aldri meint å bli meir.

Ein grunn til at eg skriv om Breaking In er at eg likar sånne avbrekk innimellom, kortlevde seriar med over middels underholdningsverdi, som på ingen måte forpliktar i forhold til tidsbruk. Og som ein sånn serie er Breaking In god nok. Men Firefly-nivå, langt i frå.

Består av 1 kort sesong på 7 episodar.

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Breaking In - Filmdagbok.