Buried (2010)

Pizzabudet vaknar opp på innsida av boksen, med lighter og mobil og lite meir enn småmynt i lommene.

Med innsida av ei kiste som einaste kulisse tek regissør Rodrigo Cortés oss nokre fot under bakken i filmen Buried. Ryan Reynolds spelar Paul Conroy, den uheldig innesperra i denne underjordiske thrilleren, der motspelarane blir frykta, panikken, ein lighter og ein mobiltelefon med minkande batteri.

Å lage ein over 90 minuttar lang film på eit så avgrensa område, med ein skodespelar, er tøft gjort. Sjølv om eg har sett svært avgrensa område resultere i spennande filmar tidlegare, og i utgangspunktet såg fram til Buried, kan eg ikkje nekte for at eg samtidig var veldig spent på om det kunne fungere slik premissane var her.

Buried er ein spennande film og gjer mykje ut av lite. Den skal ha skryt for å halde det gåande med nye utfordringar så lenge som den gjer, men og for å våge og lykkast i å roe ned, forvirre med mørke og stillheit og kreve tålmod ikkje alle har. Det gode med filmen er at den tek tilbake spenninga med trykkande stemning og ikkje påtrengande, grafiske framstillingar.

Alt er ikkje berre fryd med Buried. Det er spørsmål eg gjerne ville hatt svaret på, kva logikken bak deler av handlinga er. Mangel på informasjon knytt til personen Paul Conroy var heller forfriskande. Å byrje på bar bakke og bli fortalt små bitar for så å pusle bitane saman sjølv, er ein viktig del av filmen.

IMDb.

7/10

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Buried - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

26. desember 2010

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapper

Rodrigo Cortés, Ryan Reynolds