Caprica sesong 1

17 episodar.

Caprica er ein spin-off til SciFi-serien (no SyFY) Battlestar Galactica. Den foregår cirka 60 år tidlegare enn BSG i same fiksjonsunivers, og har skapinga av dei første cylonane og oppbygginga til deira opprør som tema. Serien er litt mindre science fiction og litt meir religionsretta enn moderserien.

Caprica har sine augoblikk, men er nok mest interessant som bakgrunnsinformasjon og fyll til Battlestar Galactica. Det blir mykje repetisjon av dei same samtalane utover i serien, og den avgrensa framdrifta gjer at lysta til å sjå neste episode heller er liten. Då dette førte til at eg brukte lang tid på å sjå meg gjennom den einaste sesongen av Caprica, kom serien aldri under huda på meg.

Battlestar Galactica var ein god serie av mange årsaker. Den forkledde seg som ein hardbarka sci-fi-serie og hadde detaljane som gjorde den geeky med frak og FTL-jumps, men leverte sånn passe realistiske scenario og attkjennelege tema i sitt fantastiske univers og blei soleis tilgjengeleg for dei utan sci-fi-gener.

Den gode balansen er fråverande i Caprica, kanskje fordi den prøver å blande så mange store tema som åleine hadde fortent meir merksemd, at det heile blir eit produkt av urealisert potensiale som framstår som rotete mumbo-jumbo.

Så i staden for å kaste bort tid på denne serien, kan du heller berike tilveret med klassisk norsk sci-fi som Blindpassasjer, Joss Whedon og kvalitet i Firefly eller fiffig animasjon i Futurama. For alt eg veit kan Star Trek, Stargate og Babylon 5 vere betre univers å utforske enn den som utfoldar seg i Caprica, men det er ikkje seriar eg har kjennskap til.

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Caprica - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

10. mars 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Tv

Merkelapper

battlestar galactica, caprica, cylon, ronald d. moore, science fiction

Les mer

Forrige:
Futureworld (1976)

Neste:
I am Cuba (1968)