Easy A (2010)

Det byrjar å bli ei stund sidan eg skreiv forrige innlegg på Filmdagbok, og når eg tenkte å forsøke meg igjen er det som om hjernen brått får det for seg å måtte komme opp med dei beste metaforane og referansane for å skildre filmen eg har sett.

IMDb: 7.3/10 (13,770 votes)

Men eg innser at det aldri har vore den sterka sida mi. Det eg kan, trur eg, er å vere direkte å få fram ei ærleg meining. Om ikkje alltid godt nok grunngjeven, så i det minste mi.

Easy A er ein film av typen eg likar best, ungdomskomedie. Ein blandingssjanger eg til tider har vore så opphengt i at det resulterte i underseksjonen (no det stikkordsamla the 80s teen movies). Kort oppsummert, Easy A var ein film eg såg fram til, og låg godt an til å like.

Emma Stone som ei smart, ung jente som har emna til å ta seg sjølv uhøgtidleg og slenge rundt seg med faenskap, er heller ikkje feil. I utgangspunktet ryddig og skulefokusert, tek Emmas Olive steget mot det verre, tilsynelatande. Ved eit uhell sprer ho eit rykte om seg sjølv på skulen, men i staden for å forsøke å stoppe rykte ser ho sitt snitt i å bygge vidare på det.

Olive er jenta som forstår seg på folk, kan kontrollere og snurre folk rundt fingrane sine, men aldri blir ei ufyseleg Mean Girls-aktig Lindsay Lohan. For skal filmen fungere for folket, og oppfylle sjangerstempelet sitt, er det nøydd til å vere eit godt hjerte og ei slags kjærleikshistorie her. Sistnemnte er veldig nedtona i omtrent heile filmen, men dei små historiane på tvers av den raude tråden heng saman og bidreg til at slutten verken kjem som ei overrasking eller verkar heilt usannsynleg.

Easy A både prøver og lykkast i å vere ein hyllest til gullalderen for tenåringsfilmane. Referansane er tydeleg på alle måtar, frå bruk av filmklypp, til snakking om filmane og nytolking av filmklyppa. Det er ingenting i vegen for dette, for Easy A i seg sjølv bles opp, som f.eks. She’s Out of Control eller Just One of the Guys, ei uskyldig lita sak der det aldri er tvil om at det kvinnelege midtpunktet vil komme godt ut av det.

Og i Filmdagboks ånd rundar eg kjapt av, med den enkle kortfatting av det eg har skrive, som er at Easy A er god.

7/10

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Easy A - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

12. desember 2010

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapp

Will Gluck