Futureworld (1976)

Då eg den siste tida har sett litt meir film igjen, har science fiction vore eit val eg har støtta meg mykje til. Total Sci-Fi Online si The 100 Greatest Sci-Fi Movies-liste har stått sentralt i val av filmar innanfor den store sjangeren. Futureworld ligg ikkje på denne lista, men er oppfølgjaren til Westworld som gjer det.

I Futureworld har robotopprøret i Westworld blitt eit avslutta kapittel, og nye 1.5 milliardar dollar har blitt investert i opprettinga av ein endå større tema – i fare for å underdrive i val av omgrep. Problemet til Future World er at den dårlege publisiteten frå historikken med robotopprøret fører til eit lågare besøkstal enn ønska, noko ikkje ein gong prisen på 1200 amerikanske dollar kan kompensere for. Journalistane Chuck Browning (Peter Fonda) og Tracy Ballard (Blythe Danner) blir invitert for å skrive positive ord som kan endre trenda.

For å hoppe rett på det kjekke med Futureworld. Ei stadig gjentaking av at ingenting kan gå feil legg store forventingane til kor feil ting kjem til å gå. Det er ikkje grenser for kor mange gonger det blir sagt, til dei grader at det blir reint parodisk, men desto meir underhaldande. Filmen har ei betre historie enn eg hadde forventa, og er ikkje på langt nær så føreseieleg som ein tur tilbake til ein temapark med robotar legg grunnlag for å vere, Westworld teke i betrakning. Innpakkinga er derimot ikkje fullt så fiffig, men går stort sett i retning ufrivillig morosam. I blant viser filmen seg å imponere med svære kulisser og spreke effektar, mens den i neste sekund snublar i dårleg skodespel og enkle løysingar.

Futureworld hamnar midt i mellom fleire stolar. Den er flott, morosam og har ei grei historie, men har dårleg skodespel, gjer ting enkelt og slik med å køyre løpet fullt ut.

5/10

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Futureworld - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

30. mars 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapper

Blythe Danner, peter fonda, Richard T. Heffron, science fiction

Les mer

Forrige:
Rango, du lyver

Neste:
Caprica sesong 1