Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 (2011)

Det har gått ti år sidan Harry Potter and the Sorcerer’s Stone blei film. I løpet av dei ti åra har Emma Watson fylt minst 18 (og både 19, 20 og 21), Daniel Radcliffe har fått tredagarsskjegg, Richard Harris har gått bort og CGI-en har teke eit steg i rett retning. Med andre ord har serien vakse opp på så mange måtar.

Med oppveksten har behovet for å fortelje meir kome snikande, og då den tjukke sisteboka skulle bli film måtte det bli i to deler. Sjølv med full forståing for at det trengs tid for å skildre handlingsforløpet i Deathly Hallows: Eg er lite glad i oppdelte filmar, spesielt når dei høyrer så i lag som Part 1 og Part 2 av Deathly Hallows. Dette var grunnen til at eg venta til no i juli med å sjå Part 1, som eg ikkje har skrive om.

Part 1 har ikkje all verdens med fart, men meir av den trykkande stemninga og ei spenning i vissa om at noko vil skje. Den er 2.5 t lang, men kjennes ikkje så lang ut. Som ein film ein er nøydd til å betale 120 kr for å sjå i 3D er den meir ei forpliktande handling enn tilfredsstillande. Difor såg eg den heller i heimen for første gong nokre dagar før Part 2, og det fungerte greitt.

Part 2 er filmen det meste skjer i. Her kjem du kjem tettast inn på karakterane og får passe med lyssparkling og svinging av tryllestavar. Sidan eg har lese boka mista eg spenning ved å vite kva som ville skje, og eg merka at dette gjekk utover inntrykket filmen gjorde. Likevel leverer Deathly Hallows varene og er ei flott avslutting på eit 10 år langt filmeventyr. At vi har sluppe for mange utskiftingar på vegen og at kjerna har vore den same er uvurderleg i samanhengen.

Ein film skal stå på eigne bein og må ta sine kunstnariske avgjersler for å fungere, uansett om den er basert på ei bok eller ikkje. Difor er det vanskeleg å gi ei skikkeleg tilbakemelding på filmen med alle tankane frå boklesinga surrande omkring. Slik eg opplevde Part 1 og Part 2 som ein film var det at den skulle gripe om veldig mykje, og at den i totaltid ikkje ligg så altfor langt unna tida det tok å lese boka, men ligg eit stykkje unna i å fremme alvoret.

Men all kritikk tilside, inkludert at dette var fullstendig meiningslaust å sjå i 3D, så er dette ein av dei beste filmane i serien. Undervegs reagerte eg ikkje på anna enn at 3D-en var meiningslaus, og i ettertid er det pirk omkring valet av format og boksamanlikning eg har sett mest på. Serien i seg sjølv er samla sett ei fantastisk reise i tid og fantasi der ein blir kjent med, om enn fiktive, så utrulege menneske og skapningar. Bøkene kan varmt anbefalst, det same kan filmane.

7/10

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

25. juli 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapper

David Yates, harry potter, Harry Potter & The Deathly Hallows, 7