HBOs Big Love

Å få fem år med TV-serie ned på papiret, på få hundre ord, er ei utfordring. Spesielt når serien kjem frå HBO, der mykje handlar om å skape rike og fullstendige seriar og episodar.

Bill Henrickson er mormonar av typen som praktiserer fleirkoneri. Han har tre koner som han til saman har ni born med. I Big Lovefølgjer me han og familien hans, og deira liv i skjul og frykt for å bli avslørt.

Big Love har eit nøytralt syn på fleirkoneri. Familien Henrickson er i all hovudsak ein amerikansk kjernefamilie. Dei er kristne, Bill driv ei vellukka bedrift og dei bur i ein fin forstad til Salt Lake City. Det er lett å like folka, sjølv om ein ikkje er einig i deira praksis. Dette har å gjere med forholdet Bill har til personane som høyrer fortida hans til. Som ungdom blei han utstøytt frå leiren, der giftarmål med mindreårige, tvangsekteskap og trua på ein profet som styrer over leiren er kvardags.

Bill står for at folk skal vere fri til å velje sjølv, men trua held han tilbake på enkelte punkt. Han blir difor ein person ein lett kan vere ueinig med, samtidig som han har gode sider.

I all hovudsak er serien eit familiedrama, men med ein veldig stor famlie og ein heller stor dose religiøsitet. At fleirkoneriet til Bill skal haldast skjult for offentlegheita tilfører spenning til serien, og spesielt i byrjinga er den lærerik i forhold til prinsippet som blir følgt. Big Love har gått ein lang veg sidan første episode, men kjerna har alltid vore familie, og ikkje religion som lett kan bli det mest synlege.

På grunn av formatet, sjangeren og sendetidspunktet ser eg på Big Love som arvtakaren til Six Feet Under, som HBO sendte frå 2001-2005. Under levetida til Big Love har eg alltid prøvd å finne igjen den såre kjensla Six Feet Under klarte å skape, men Big Lovenår aldri så djupt som forgjengaren. Over tid har søken gradvis trappa ned, men tanken har alltid vore ein eg har kome tilbake til.

Big Love er trass 2. plassen i samanlikninga med ein av mine favorittseriar, ein solid serie, med godt skodespel og gode historier som har fortent å halde fram så lenge den har gjort. Med fin balanser mellom rollefigurane, fornying og utskifting over tid, og eit komplett miljø. Femte og siste sesong blir spennande som følgjer av kunna om at det er siste sesong, men skuffar litt då det aldri kjennes som spenninga blir trappa opp mot slutten.

5 sesongar, 53 episodar.

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Big Love - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Les mer

Forrige:
UP (2009)

Neste:
Thom D.J.’s Favorittdamer