Les petits mouchoirs (2010)

Som ein av fleire spanskdubba trailerar før eit besøk på visninga av Midnight in Paris i Madrid cirka to veker sidan, var Les petits mouchoirs – eller Little White Lies – ein av dei som vekte interessen. At eg ikkje skjønte noko forsterka nok feilinntrykket mitt av filmen som ein lett og lystig fransk sommarkomedie.

I etterkant av ei alvorleg ulykke bestemmer ein vennegjeng seg for å la den skada kameraten komme seg på eiga hand i Paris, og reiser på sin årlege ferietur til vestkysten av Frankrike. Her drikk dei vin, snakkar om sex, går kvarandre på nervene og nyt sola.

Det er Max som eig feriehuset, ein stressa kontrollfrik som nettopp har fått vite at ein av kameratane er intereressert i han, og kameraten er med på turen. Marie er mindre glad i å la folk komme tett på ho. Éric er litt for glad i å feste, men er ikkje heilt der han ønskjer å vere i forhold til eit fast forhold. Antoine lev i trua om at han har sjans på eks-dama, likevel om vennene for lengst har gitt opp å sei det motsette til han.

Vennegjengen består av ei handfull franske skodespelarar, som meir kjende François Cluzet og Marion Cotillard til mindre kjende, men vel så flinke folk, og det står ikkje på desse for å gjere filmen god. Det tek nok litt vel lang tid før ein kjem under huda på karakterane, og første timen føles lang. Men filmen er to og ein halv time lang, og det er lenge nok til at vi kjem tett innpå Les petits mouchoirs og får tid til å nyte det.

At dette ikkje er ein lett og lystig fransk sommarkomedie gjorde meg ingenting. Dramakomediar er gjerne betre, med alvorlege stunder som gjer komedien i andre enden ekstra velkommen. At det er meir drama enn komedie her gjorde nok at forventingane frå traileren var med på å bidra til litt utålmodigheit i byrjinga av filmen, men utfallet var eigentleg ein djupare og betre film enn eg hadde rekna med det skulle vere.

Les petits mouchoirs utmerka seg ikkje på noko spesiell måte, men er ikkje desto mindre ein film med flott skodespel og god stemning. At den er fransk gjer at den fyller på den europeiske kulturkvota, og dommen er i grunn positiv nok.

Min rating: 7/10

IMDb: 7.0/10 (1,810 votes)

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Les petits mouchoirs - Filmdagbok.

Blogg

FUS!

Dato

29. juni 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapper

fransk, guillaume canet