Look Around You

BBC-serien Look Around You (2 sesongar, 14 episodar) eit så nedtona humorpåfunn at ein i blant stussar på om det er parodien eller det ekte, iallfall første sesong. Det handlar like mykje om å gjenskape ei stemning og eit uttrykk, og overlate humoren til å bli skapt av tida som har gått og utviklinga som har skjedd sidan den gong inspirasjonskjeldene til serien gjekk på TV.

Første sesong som er typisk ettermiddags-TV for ungdom, består av 8 korte episodar på under 10 minuttar. Kvar episode tek opp eit seriøst tema. Heller enn å oppsummere så mykje meir, viser eg til ein heil episode.

Eg har verkeleg sans for gjenskapinga som er gjort og måten humoren er gjort på. Det er eigentleg begrensa kor morosamt dette er, men gjennomføringa og den dønn seriøse tonen, berre avbrote av få innstikk med verkelege forsøk på å mane fram latter, er kjekk i små dosar. Nettopp der ligg minuset med serien, i store mengder er Look Around You både for repeterande og lurt til å vere underhaldande. Difor blei serien liggande ei stund hjå meg.

Andre sesong har endra form til å verte eit naturvitskapleg aktualitetsprogram. Søkelyset ligg på fantastiske oppfinningar og framtida. Her har Look Around You gjort humoren endå tydelegare og tek ting endå lengre, lengda på episodane har òg auka til 30 minuttar. Episodane er framleis tematiske, og strekkjer seg frå “Music in the year 2000” til “Computers”, i tillegg har serien fått programleiarar.

Grunna dei store forskjellane på tvers av sesongane er det ikkje poeng i å vurdere serien i heilskap, men heller som to seriar. Det var konseptet bak første sesong som gjorde meg interessert, men andre sesong er meir absurd og ligg nærare ei form for humor eg set pris på, ved å ta ting over i det meiningslause.

Eg kan ikkje gå så langt som å anbefale og sjå heile serien, men meinar det er verdt å sjå minst ein episode frå kvar sesong.

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Look Around You - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

8. april 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Tv

Merkelapper

bbc, humor