Planet of the Apes

I lys av den nyleg kinolanserte Rise of the Planet of the Apes tok eg steget ut og byrja eit lenge etterlengta gjensyn med Planet of the Apes-filmserien på fem filmar frå 1968-1973.

Planet of the Apes (1968)

Planet of the Apes har på meg ei tilrekkingskraft utanom det vanlege. Sidan Tim Burton i 2001 kom med den ikkje fullt så gode, men likevel interessevekkande adapsjonen av romanen til Pierre Boulle, har eg sett både den og 1968-versjonen fleire gonger. 2001-versjonen har som den svake filmen den er blitt verre for kvar gong, mens 1968-versjonen ved tredje gjensyn har gått i motsett retning og er betre no enn første gong.

Året er 3978 då Taylor (Charlton Heston) og resten av mannskapet på romskipet Liberty 1 landar på ein ukjent planet. Etter å ha reist frå jorda i 1972 har dei flydd gjennom verdsrommet i lysets hastigheit, som for å stadfeste ein teori om at tida for dei berre blir få månader når århundra på jordkloten flyg forbi.

I søken etter liv på planeten dei har landa på, møter Taylor og mannskapet på ein flokk ville menneske, som viser seg å vere på flukt frå siviliserte apekattar. I dette bakevendtland som Taylor kallar det, blir han fort ein trussel for leiarane i apesamfunnet. At eit menneske kan oppføre seg, snakke og i verste fall tenke er absurd og strid mot vitskap og religion for apane.

Taylor er ein manns mann og toler ikkje undertrykking. Metodane hans for å vinne fram og bli annerkjent som intelligent er diskutable, men samtidig ein styrke for filmen og det uforutsigbare.

Planet of the Apes fungerer godt som film på fleire plan. Det er spenninga i å utforske noko nytt og bakvendt i reisa til Taylor, med element av science fiction og mystikk og ein realitet som like gjerne kunne ha vore eit mareritt. Filmen tek òg opp problematikk som undertrykking, vranglære og religion som vitenskap.

Fantasi og det spektakulære bygg på ting eg kjenner til og gjer Planet of the Apes til ein film som eg lett tek til meg. Den held tilbake på mykje av bakgrunnshistoria og gir berre litt etter litt. Eit av kjenneteikna på god film er nettopp timing og porsjonering av det spennande og/eller interessante. Slik som ein god skrekkfilm er den som ikkje set lys på alle sidene ved eit monster og let det danse over skjermen i 90 minuttar, men brukar fantasien til publikum for å skremme.

Det skadar heller ikkje at eg har eit soft spot for Planet of the Apes, og ser mytologien og dens moglegheiter og motsigelsar i heilskap som sterkare enn dei individuelle filmane sine svakheiter (først og fremst deler av oppfølgjarane).

8/10

Beneath the Planet of the Apes (1970)

Beneath the Planet of the Apes kom to år etter Planet of the Apes og tek opp igjen tråden der førre film slutta. Apeplaneten får besøk av eit andre romskip, som reiste frå jordkloten kort tid etter Liberty 1 med Taylor (Charlton Heston). Kapteinen på skipet, Brent (James Franciscus), tek over rolla som protagonist og følgjesvenn med stumme Nova (Linda Harrison).

Brent stiller seg mange av spørsmåla som Taylor gjorde i første filmen, men gjennomgår ei raskare og meir venleg tilvenning til apane enn astronautkollegaen. Eit møte med Nova tidleg i filmen gjer det klart for han at Taylor er eller har vore på planeten. Ei tredje historie i Beneath er gorillaene i Ape City som har planlagt å gå til krig mot det som måtte eksistere i The Forbidden Zone, eit uutforska område for apane.

Som tittelen så fint røper vil søkelyset bli retta mot det som skjer under overflata. Filmen gjer det lurt i å halde fram med nye utforskingar, og avsløringane om kva planet vi er på frå første film får mykje å seie. Det tyder ikkje at Beneath er ein like god film som forgjengaren sin, men eg set stor pris på at fantasi framleis er sentralt i utviklinga av filmen. Den er ein fin miks av oppdaging og spenning. Måten vi blir leia over frå første filmen, og desse to heng i lag på, er òg tilfredsstillande nok.

Nova er eit kapittel i seg sjølv. Linda Harrison var følgjesvennen til Charlton Heston i første filmen og gjekk i mesteparten eit par steg bak han, posterte og såg stort sett berre pen ut. Denne rolla held ho fram med i større grad i Beneath. Ho har ein stor plass i filmen, men lite å sei for protagonisten og avgjerslene hans. Denne objektiviseringa av kvinna og måten apekatten Zira i offentlegheit blir tilsnakka av ektemannen Cornelius, er ikkje mindre enn fascinerande og kunne gjort seg i nærare studie.

6/10

Escape from the Planet of the Apes (1971)

Med det som skjedde på slutten av førre film i serien, var det ein større vri som måtte skje for at historia skulle kunne halde fram. Slik blei det til at handlinga i Escape from the Planet of the Apes går føre seg i USA på vår tid.

Eit romskip landar i havet utanfor California og ut av det stig tre apekattar frå framtida. Vi kjenner dei som Zira og Cornelius frå dei to tidlegare filmane og blir introdusert for Milo (ikkje til å forvekslast med Baby Milo på plakaten). Verda er ikkje klar for å ta i mot intelligente apekattar frå framtida og det går som det må gå, dei blir stempla som ein trussel og ting går ikkje så bra.

Escape tyr til enkle løysingar og er langt mindre spektakulær enn Planet of the Apes og Beneath. Sett til California på 1970-talet i avgrensa omgivnader opplever eg den som nærare TV i estetikken og oppbygging. Men etter den halverte Box Office inntekta Beneath hadde frå Planet of the Apes er nok eit redusert budsjett ingen overraskande vending.

Trass i lågare budsjett, Escape står fram som eit forhasta prosjekt for å mjølke Planet of the Apes-franchisen mest mogleg før det er for seint. Den er forsåvidt heilt grei på ein skala frå ein til ti, men utelukkande som eit stykke informasjon i eit større fiksjonsunivers. Og rolla den har for å byggje opp til neste film er òg viktig nok til å godkjenne eksistensen.

Dommen er ikkje overvelande akkurat, men Escape er like fullt ein del av filmserien. Andre grunnar til å sjå den kan eg ikkje finne.

5/10

Conquest of the Planet of the Apes (1972)

Conquest of the Planet of the Apes var merkbart meir interssant no enn første gong eg såg filmen. Ved førre møte gjekk det berre nedover frå første filmen og utover, men denne gongen tok det seg betrakteleg opp frå Escape til Conquest.

Den positive overraksinga Conquest var har utspel i fleire faktorar. Nedturen med førre film og dei låge forventingane spela inn her. Og den splitter nye Rise of the Planet of the Apes låg i bakhovudet og eg var nok ekstra interessert i å finne likskapar mellom desse to origins-filmane. Og med emna til å la fantasien overstyre dei mindre realistike apekostyma, som eg samtidig meinar er godt laga, blir den brutale sida i handlinga til Conquest meir framtredande når eg ser den denne gongen.

Vi møter apen Caesar, barnet til Cornelius og Zira frå dei førre filmane. Caesar har blitt vaksen og har arva intelligensen og taleemna frå foreldrene, men som trussel mot samfunnet har han blitt halde skjult av sirkusdirektør Armando for å beskyttast.

Vi er forresten komme til tidleg 1990-tal, alle hundar og kattar har blitt utrydda av eit virus. Apekattar erstatta desse som husdyr, og tok etter kvart over lett arbeid som rydding, vasking og servering då dei viste seg intelligente nok til dette over tid.

Conquest er ein film om Caesar sitt opprør mot undertrykkinga apane opplever og er i prinsippet den gamle filmserien sin Rise of the Planet of the Apes. Utover opprøret er derimot forskjellige. Rise står på eigne bein med Conquest blir best med litt bakhistorikk, som vi har fått frå Planet of the Apes, Beneath og Escape.

6/10

Battle for the Planet of the Apes (1973)

Så er vi ved vegs ende, bokstaveleg talt. I 1973 kom den femte og siste filmen i Planet of the Apes-serien. Battle for the Planet of the Apes knyter saman nokre av trådane frå tredje og fjerde film (Escape og Conquest) med første og andre film (Planet of the Apes og Beneath).

Battle er ingen elegant film, meir ein elefantfilm, utan tyngde. Med unnatak av ei scene der apane besøker ruinane av ein storby utspelar handlinga seg på eit jorde ved ein skog og under grunnen i storbyen. Det einaste spektakulære miljøet som blir presentert er ruinane som apane passerer ved besøket til storbyen. Eg spekulerte for meg sjølv om det var her busjettet på 1.7 millionar dollar hadde gått, for til resten av filmen såg det ikkje ut som at det var.

For å ta eit steg tilbake, Battle handlar om åra etter Conquest. Det har gått tjue år, ein større krig har herja og storbyen har blitt radioaktiv og uleveleg. Apane og nokre gjenlevande menneske lev i lag på eit jorde eit stykke ut på landet. Bufellesskapet er ikkje fritt for konfliktar, menneska blir undertrykte, sjimpansane og gorillaene har ulik oppfatting av kva styresett apane er best tent med. Problemet blir vanskelegare å løyse når ein trussel utanfrå viser seg.

Det dukkar opp interssant historikk innimellom, saker og ting som kan vere med å bygge ut POTA-universet. Men grunna mangelen på kvalitet i presentasjonen blir dette for den spesielt interesserte, eventuelt den som har sett for seg å sjå filmserien. Det er ikkje dei største spørsmåla som blir besvart heller. Dette er den svakaste filmen i serien utan tvil, og ein stor nedtur frå Conquest som J. Lee Thompson òg stod for regien bak.

4/10

Desse filmanmeldelsane blei først publisert på Filmdagbok: