Smallville

Då eg for første gong benka meg ned framfor PC-skjermen, i ein alder av 16 år, for å sjå Smallville, var eg frelst. Å kunne følgje Clark Kent og vennene hans som 16-åringar i heimbyen var spennande utforsking av ei ny side ved (eit alternativt) Supermann-universet, og var drama som traff fort og hardt.

Eg tenkte nok aldri at serien ville halde på i 10 år, og har vore tvilsam til den store rolleutskiftinga undervegs, og byte av miljø som har skjedd. Likevel har eg halde fram med Smallville fram til i dag, for å sjå korleis Supermann oppstår i dette universet har alltid overgått det negative.

Frå livet som 16-årige Clark Kent, som stadig oppdagar nye krefter og må kjempe mot kryptonittskapte monster på high school, har serien gått ein lang veg. Etter kvart blei det naturleg å hoppe over på college, og seinare flytta Clark Kent til Metropolis, der me frå før er mest van til å sjå han. Smallville har gjort sine eigne vriar i forhold til Supermann-mytologien, men oppfyllinga av mytologien har alltid vore høgdepunkta ved serien, det andre går som kunstnarisk fridom.

Eg har vakse opp med Smallville. Det er den einaste serien som har gått fast sidan eg byrja å sjå på TV-seriar, maraton-style, slik eg gjer i dag. Sånn sett er det vanskeleg å stille seg kritisk til serien. Eg har akseptert nedturar, mindre lure utskiftingar og bortgangen til viktige karakterar. 10. og siste sesong representerte ikkje ein serie eg ville ha byrja på i dag. Eg tenkjer tilbake til den gongen Smallville handla opp å vere ungdom og finne ut kven ein sjølv var, og då eg drøymte om å ha superkrefter sjølv. Den gongen då eg var hekta og sat 10 timar om dagen for å sluke nye sesongar. Denne trangen har gradvis forsvunne, men Smallville har aldri vore noko pliktløp.

Det er både rart og kjekt at Smallville er slutt etter så mange år. Med ei avslutning som har fått tid til å byggast opp, og som serien fortenar. Det er vemodig, men samstundes er eg litt letta. Smallville burde hadde lagt inn årene for nokre år sidan, før dei største utskiftingane. Dei siste sesongane har trass i grei kvalitet, men dei raude trådane har helst handla om å redde verda frå monster og romvesen. Mostanden og alliansen har nok (dette har eg mindre kunnskap om) blitt henta ut frå Supermann-mytologien. Det har vore høg dramatikk og mykje alvor. Det som har redda serien frå ein ond, repeterande sirkel er at den stadig har blitt vaksnare og konsekvensane for handlingar stadig har fått større omfang.

Ein gong i tida var Smallville det beste eg hadde sett. Om eg kunne sagt det same i dag, viss eg for første gong hadde sett serien no, veit eg ikkje. Men eg har ei kjensle av at den framleis ville gjort inntrykk. Gjennom sitt lange livsløp har Smallville fått gjort som serien vil, eg har sjeldan blitt skuffa, men heller blitt positivt overraska. Det handlar nok om forventingar òg.

Med det seier eg takk og farvel til skremmande mange timar med Smallville.

10 sesongar, 216 episodar.

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: Smallville - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

11. mai 2011

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Tv

Merkelapper

Alfred Gough, Miles Millar, Smallville, Supermann