The First Time (2012)

The First Time er ein film i mi gate. Det er eit tenåringsdrama av den litt lette typen, inkludert komiske element.

I hovudrollane har vi Dylan O’Brien (Teen Wolf) og Britt Robertson (Life Unexpected). To unge tv-skodespelarar som byrjar å bli rimeleg kjente.

Det er god kjemi mellom desse. Og sjølv om premisset for historien er enkel, blir det enn så ekte på grunn av det.

Det er også noko med at filmen tonar ned motstanden som dukkar opp til eit akseptabelt nivå. Og at klisjeane blir lette å svelge ved at sjåaren observerer dei gjennom augene til dei som deltar.

Sjølv om eg ikkje opplever noko nytt, involverer filmen meg på ein måte som gjer handlinga til ei stor greie. Eg har sett nok av halvdårlege filmar til å legge merke til dei som veit å bruke dei enkle verkemidlane rett.

Det overraska meg ikkje at dette blei bra. Jonathan Kasdan står for manus og regi. Mannen regidebuterte i 2007 med ein anna favoritt, In the Land of Women.

Det skadar nok ikkje heller at den etter kvart fremadstormende Britt Robertson tilfører sjarm og stort talent på toppen. Ho spelar dessutan ei jente med personlegheit etter min smak.

4/5

(IMDb)

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: The First Time - Filmdagbok.

Pengeinnsamling til drift

6 % av kr 1556 er samlet inn til Bloggarkivets drift.

Blogg

FUS!

Dato

26. april 2013

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Film

Merkelapper

britt robertson, drama, komedie, jonathan kasdan