The Secret Circle (2011–2012)

Med dette innlegget har eg kuppa dei to siste plassane på FUS! med Britt Robertson-sentrerte innlegg. Denne gongen i The CW-serien The Secret Circle.

Cassie (Britt Robertson) opplever eit tragisk dødsfall i familien og flyttar til Chance Harbor for å bu med bestemora. Ho oppdagar snart at ho har overnaturlege krefter, og møter andre ungdommar som seg sjølv. I lag så dannar dei ei gruppe.

Serien gjekk ein sesong på The CW, men sjåartalet gjekk nedover, og serien blei kansellert.

Bak The Secret Circle står Kevin Williams, ein mann med tilknytning til både Dawson’s Creek og Scream-filmane. The Secret Circle er ei blanding av desse to sjangrane, og Britt Robertson spelte forøvrig i Scream 4.

Sjølv med nokre opne trådar på slutten, med tanke på ein eventuelt ny sesong, er første og einaste sesong av serien samanhengane og avsluttande nok til å ha eigenverdi.

Serien oppnår ikkje å komme nok under huda på karakterane, slik som Dawson’s Creek. Det manglar også eit skikkeleg særpreg, ein ting som blir seriens eige og til å kjenne han att på.

På ein skala ligg serien over gjennomsnittet. Det er stort sett artig å følge med på, fordi den raude tråden er interessant. Det er få episodar som berre skal fylle tiden. Det vesle ekstra manglar nok, og eg blir aldri fullstendig hekta. Men eg kosa meg.

3/5

Dette innlegget blei først publisert på Filmdagbok: The Secret Circle - Filmdagbok.

Blogg

FUS!

Dato

29. april 2013

Forfatter

Asbjørn Ness

Kategori

Tv

Merkelapper

britt robertson, heks, The CW

Les mer

Neste:
The First Time (2012)